Loading…
Lærernes dag 2025
Friday January 31, 2025 09:00 - 09:40 CET
Den nye opplæringslova og fullføringsreforma stiller høge krav til arbeid med inkludering i vidaregåande skular. Lova seier at skuleeigar skal sørgje for «at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine» (§ 11-1). Fullføringsreforma set som mål at 9 av 10 skal fullføre og bestå VGS i 2030. Eit godt samarbeid mellom skule- og støttetenester er heilt avgjerande for å lukkast med dette.

Forskarar frå Institutt for pedagogikk v/UiB kartla i 2021/2022 samhandlinga mellom skular og støttetenester i Vestland fylkeskommune. Med bakgrunn i kartlegginga har vidaregåande skular sett i gang ulike prosjekt. I innlegget får de høyre om disse prosjekta:
• «HUBén» – for elevar som treng ein annan arena enn klasserommet for å møte på skulen (Firda vgs).
• «Da dropper jeg å droppe ut» – korleis utvide læringsfellesskapet gjennom å styrke den relasjonelle kompetansen og fokusere på læringsstrategiar (Sygna vgs).
• «Ulikt utgangspunkt like sjansar» – arbeidet med å snu skulen sin praksis slik at det vert rom for alle i ordinære klassar (Kvinnherad vgs).
• Utforsking av ulike måtar å jobbe med elevar med høgt fungerande autisme (Nordahl Grieg vgs).
Prosjekta har vore gjennomført i partnarskap mellom skulane og tilhøyrande rettleiingstenester, seksjon for kvalitet i Vestland fylkeskommune og forskarar frå Institutt for pedagogikk og Institutt for samfunnspsykologi (UiB).

Innlegg 2x40 minutter. Dette innlegget består av to sammenhengende deler (del 1 og del 2), og deltakere må delta på begge.
Friday January 31, 2025 09:00 - 09:40 CET
Dragefjellet, Aud 3

Sign up or log in to save this to your schedule, view media, leave feedback and see who's attending!

Share Modal

Share this link via

Or copy link