Språkprat til skolen er ein nettressurs som er utvikla som eit tillegg til det populærvitskaplege tidsskriftet
Språkprat og tilbyr lærarar og elevar tekstar og undervisningsopplegg for språkdelen i norskfaget. Opplegga er ankra i læreplanen. Dei sentrale stikkorda frå læreplanen om djupnelæring, utforsking og kritisk tilnærming og tenking ligg i botnen for opplegga. I dette foredraget vil deltakarane få vera aktive og oppleva nokre av grammatikkopplegga som er blitt laga til Språkprat til skolen. Opplegga er kvalitetssikra gjennom utprøving av og kommentarar frå erfarne lærarar og er særleg retta mot norskfaget i den vidaregåande skulen. Både språkforskarar og lærarar vil bidra. Det vil bli servert kaffi, kaker og konjunksjonar.