Loading…
Lærernes dag 2025
Friday January 31, 2025 13:00 - 13:40 CET
Lars Nyre er professor i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han underviser i medie- og interaksjonsdesign i Media City Bergen og er leiar for det HK-dir-finansierte prosjektet TekLab (2021 – 2024). Her utforskar faglærarar og studentar pedagogiske metodar for å undervisa i ny teknologi i skuleverket og universitetssektoren. TekLab-prosjektet vert avslutta ved utløpet av 2024, og fagmiljøet er i ferd med å dra konklusjonar. Vi ser at elevar treng både teoretisk og praktisk trening i å forstå kreftene som formar kunstig intelligens-teknologi. I foredraget fortel Lars Nyre om TekLabs praktiske utforsking av kunstig intelligens med elevar og studentar. Tilnærminga legg særleg vekt på det som blir kalla verdiforslag, og utforskar ulike samfunnsverdiar med prototyping, pitching og publisering av løysingsforslag. Vi meiner at elevar og studentar må meistra både design og entreprenørskap for å kunna håndtera teknologiutviklinga i samfunnet, og vi samlar dei nødvendige ferdigheitene i begrepet innovasjonskompetanse.

Foredrag ca. 30 min
Speakers
LN

Lars Nyre

Professor
Friday January 31, 2025 13:00 - 13:40 CET
Dragefjellet, Aud 1

Sign up or log in to save this to your schedule, view media, leave feedback and see who's attending!

Share Modal

Share this link via

Or copy link