Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, men tradisjonen han skreiv dagboka ut frå, er nærare 2000 år. Kva slags tradisjon er dette? I dette føredraget går me heilt tilbake til St. Augustin og Marcus Aurelius, og ser nærare på korleis dagbokskriving har vore knytt til draumen om sjølvkunnskap. Og sjølv om ei dagbok er skriven kronologisk, går det an å lese henne kronotopisk. Men kva er det?