Norsk lærarutdanning er politisert, og har historisk vore prega av omfattande og detaljert sentralstyring. Her er det likevel endringar på gang. Kunnskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å gjere styringa av lærarutdanningane meir «overordna», og ei ekspertgruppe nedsett av Kunnskapsdepartementet har nyleg føreslått å innføre ein overordna felles rammeplan for alle lærarutdanningar.
I denne forelesinga vil eg gå nærmare inn på bakgrunnen for det som skjer, kven som er aktørane, og kva slags dilemma som må balanserast i det arbeidet som pågår no:
a) På kva måtar er det lærarutdanninga blir styrt på i dag, kvifor er det eit problem, og kvifor er styringa så ulik mellom lektorutdanning og grunnskulelærarutdanning? b) Kva meiner dei ulike aktørarane på feltet (KD, UH-institusjonar, Utdanningsforbundet, fagmiljøa, studentane, politikarar) om styring av lærarutdanningane? c) Korleis kan rammeplanar og andre styringsdokument balansere ulike omsyn? Meir spesifikt: Korleis balansere prinsipp om fellesskap og likskap mot prinsipp om sjølvstyre og mangfald? Korleis sikre fagleg kvalitet og praksis i lærarutdanninga dersom det blir opp til institusjonane å bestemme meir? d) Vil meir overordna styring gjere lærarutdanninga mindre politisert? Og er det i så fall bra eller dårleg?