Loading…
Lærernes dag 2025
Friday January 31, 2025 11:00 - 11:40 CET
Norsk lærarutdanning er politisert, og har historisk vore prega av omfattande og detaljert sentralstyring. Her er det likevel endringar på gang. Kunnskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å gjere styringa av lærarutdanningane meir «overordna», og ei ekspertgruppe nedsett av Kunnskapsdepartementet har nyleg føreslått å innføre ein overordna felles rammeplan for alle lærarutdanningar.

I denne forelesinga vil eg gå nærmare inn på bakgrunnen for det som skjer, kven som er aktørane, og kva slags dilemma som må balanserast i det arbeidet som pågår no:

a) På kva måtar er det lærarutdanninga blir styrt på i dag, kvifor er det eit problem, og kvifor er styringa så ulik mellom lektorutdanning og grunnskulelærarutdanning?
b) Kva meiner dei ulike aktørarane på feltet (KD, UH-institusjonar, Utdanningsforbundet, fagmiljøa, studentane, politikarar) om styring av lærarutdanningane?
c) Korleis kan rammeplanar og andre styringsdokument balansere ulike omsyn? Meir spesifikt: Korleis balansere prinsipp om fellesskap og likskap mot prinsipp om sjølvstyre og mangfald? Korleis sikre fagleg kvalitet og praksis i lærarutdanninga dersom det blir opp til institusjonane å bestemme meir?
d) Vil meir overordna styring gjere lærarutdanninga mindre politisert? Og er det i så fall bra eller dårleg?

Foredrag ca. 30 min
Speakers
Friday January 31, 2025 11:00 - 11:40 CET
Sydneshaugen skole, Aud. D

Sign up or log in to save this to your schedule, view media, leave feedback and see who's attending!

Share Modal

Share this link via

Or copy link